Red Callender

Red Callender
Fødd6. mars 1916(1916-03-06)
FødestadHaynesville i Virginia i USA
Død8. mars 1992 (76 år)
DødsstadSaugus i California
FødenamnGeorge Sylvester Callender
OpphavUSA
SjangerJazz
InstrumentKontrabass, tuba
Tilknytte artistarThe Wrecking Crew
PlateselskapRCA
Verka somMusikar

George Sylvester «Red» Callender (6. mars 19168. mars 1992) var ein USA-amerikansk kontrabassist og tubaist. Han er kanskje mest kjend som jazzmusikar, men arbeidde òg med pop- og rockeartistar som medlem av The Wrecking Crew, ei gruppe med faste studiomusikarar i Los Angeles.

Tidleg i 1940-åra spelte Callender med Lester og Lee Young, og skipa så sin eigen trio. Seinare i 1940-åra spelte han med Nat King Cole, Erroll Garner, Charlie Parker, Wardell Gray, Dexter Gordon, Uffe Baadh og mange andre. Etter ein periode på Hawaii kom Callender attende til Los Angeles og vart ein av dei første svarte musikarane som arbeidde fast i eit kommersielt studio, og akkompagnerte mellom andre Linda Hayes på to songlar.

I 1957 vart albumet hans Speaks Low ein av dei første moderne jazzplatene for tubasoloistar. Seinare spelte han mellom anna med Art Tatum og Jo Jones (1955–1956) for The Tatum Group, og spelte med Charles Mingus i 1964 på Monterey Jazz Festival, og arbeidde i avantgarde-kvintetten til James Newton, og var fast medlem i Cheatham sitt Sweet Baby Blues Band.

Callender døydde av skjoldbruskkjertelkreft i heimen sin i Saugus i California.[1]

  1. «Red Callender Dies; Jazz Bassist Was 76». The New York Times. 11. mars 1992. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy